fredag 22. januar 2010

Mobbing av ledige!


For ei tid tilbake gikk det store oppslag i riksmediene der overskifta var at ”En stor del av de ledige ønsker ikke å jobbe.”

Dette vart kommentert med liv og lyst av både kyndige og ukyndige, av politikarar, helsefolk, forskarar og synsarar. Kommentarane bar sterkt preg av at ledige generelt er slike som Carl I. Hagen så smakfullt og danna kalla ”latsabbar og unnasluntrarar”.

Men kva var realiteten i undersøkinga som Statistisk Sentralbyrå hadde gjort?

Jau: 8 av 10 ledige er aktivt arbeidssøkande. 1 av 10 ledige har vore det, men har søkt så mange stillingar utan å få nytt arbeid, at dei langt på veg har gitt opp. Medan ein einaste av 10 ikkje er særleg motivert for å gå ut i arbeidslivet igjen, noko det sikkert kan finnast både gode og dårlege grunnar for.

Poenget her er at vi fekk ei undersøking som viser klårt at heile 90% av dei ledige verkeleg ønskjer å koma i arbeid att, og gjer eller har gjort aktiv innsats for det. Stort nærmare ”nesten alle” er det vanskeleg å koma. Så ein sann versjon ville vera at eit knusande fleirtal av dei ledige ønskjer arbeid. Men riksmedida og riks-synsarar valde altså i staden ei vinkling som utan atterhald kan kallast mobbing av ei utsett gruppe medmenneske, og på sakleg sviktande grunnlag.

Det var eit skammeleg innslag i samfunnsdebatten.

Jørund Ruud, gruppeleder Telemark AP.

2 kommentarer:

  1. Mobber man ledige hvis man mener det er for mange innvandrere som overtopper statistikken over sosialhjelp og sykefravær?

    SvarSlett
  2. Meninger kan man ha om så mangt,uten at det er mobbing, men i følge statistikk er det ingen overrepresentasjon blant ikke-vestlige innvandrere ift. sykefravær.

    SvarSlett