tirsdag 17. november 2009

Det er november og det er....

Budsjett tid !! For alle som er folkevalde så inneber november og desember ikkje bare juleplanlegging og handtering av vinterføre, men altså det årlege budsjettarbeidet.
Kva vil ein prioritere, kvar vil ein auke og kvar vil ein kutte? Det er ei spennande tid å vere folkevald i!

E-post innboksen min har i det siste vore noko fullare enn vanleg. Nokre dagar har eg faktisk fått så mange e-postar at eg har måtte utsett nokon til neste dag fordi eg har ikkje hatt sjans til å lese gjennom alle. Desse e-postane er ikkje eit resultat av at eg har gjort noko nemneverdig altså(!!:)), snarare reaksjonar på fylkesrådmannens forslag til skuletilbod for 2010/2011. Det skal vere sikkert at skuletilbodet for dei vidaregåande skulane i Telemark engasjerar mange, og at dei ulike tilboda som vert gjeve betyr mykje for både kommunar, næringsliv og ikkje minst elevane sjølve. Eg har fått e-post frå utruleg mange som har hatt meiningar om dette, og bare så eg har sagt det her: eg har stort sett lese alle saman ,men ikkje hatt høve til å svare alle. Som om du som les dette var ein av dei som sendte meg e-post, så vil eg bare seie at eg set stor pris på engasjementet og innspela som har kome! Eit lite tips neste gong kan vere å sende litt meir kortfatta e-postar, sidan nokon var i overkant lange og med opp til 10 vedlegg…  Då har eg betre muligheit til å få lest det som kjem! 

Telemark Fylkeskommune sin økonomi gjer at vårt politiske handlingsrom er noko avgrensa. Det er stort press, spesielt på kompetansesektoren. Fylkesrådmannen legg opp til eit stort kutt på denne sektoren, samtidig som ein er villig til å bruke 24 millionar kroner på å innføre gratis berbare datamaskiner til alle elevane i vgs i Telemark. For meg så blir det noko som skurrar her. Er det riktig at ein skal kutte i skuletilbodet, i rammetimar for skulane, eventuelt også måtte kutte i lærarar, men ta seg råd til å innføre gratis berbare datamaskiner? Etter mi meining kan aldri teknologi erstatte ein lærar, og teknologi kan ikkje demre opp for eit smalare skuletilbod. Vi skal sjølvsagt vidareutvikle oss på IT-sida, men etter mitt syn er det mange andre måtar å gjere det på enn kun gjennom dette forslaget.

Om vi ynskjer å styrke kompetansesektoren i Telemark er det avgjerande at vi legg til rette for eit breitt og godt skuletilbod i heile fylket. Vi veit godt frå før at ein av dei viktigaste grunnane for å førebygge at elevar fell ut av vidaregåande utdanning er at dei får oppfylt sitt 1. ynskje og at reisevegen ikkje er for lang. Dersom ein legg opp til at skuletilbodet i Telemark vert smalare så satsar vi ikkje på det vi seier i mange vedtak som er gjort om å jobbe mot eit auka fråfall. Dette er mykje av grunne til at Arbeiderpartiet i hovedutvalet for kompetanse fremma eit endringsforslag til rådmannens forslag, der vi blant anna foreslo å oppretthalde realfaglina ved Vest Telemark Vgs, Elektrofag ved Rjukan Vgs, TAF tilbodet ved Porsgrunn Vgs , og Service og samferdsel ved Kragerø Vgs. I tilegg til dette foreslo vi å opprette ei ny line ”Anleggsteknikk” ved Lunde Vgs. Dette vart vedtatt av utvalet!

Ein vert for litt sektorpolitikar når ein skal jobbe med budsjett, og for min del som medlem av hovedutvalet for kompetanse i Telemark, skulle eg sett at det vert disponert fleire ressursar til kompetansesektoren. For meg er det, tru det eller ei, faktisk viktigare med utdanning enn med veg. Misforstand ikkje! Klart skal ein au ha betre vegar, og ein skal vedlikehalde og bygge- men kompetansesektoren er desidert fylkeskommunens viktigaste oppgåve! Men det er klart - det er ikkje ei enkel oppgåve å skulle ta i mot mange fleire kilometer med veg frå staten, samtidig som ein har eit svært etterslep allereie på eksisterande fylkesvegar, og ein har stram økonomi. Eg ser den! Eg syns det bare er for gale å skulle kutte på budsjettet for kompetanse, når vi veit at det vi eigentleg treng er å styrke det. Ein kan faktisk òg seie at vi har eit etterslep på dei vidaregåande skulane i Telemark, og det er ei utfordring. Særleg med tanke på at vi får ei auke på 100 elevar til neste skuleår. Det blir vertfall for meg heilt uaktuelt å bruke 24 millionar kroner på berbare datamaskiner til alle elevane, som vil bli ein stort utgiftspost år etter år, medan ein kuttar i kompetansesektoren generelt. Eg håpar verkeleg at dei som sit i posisjon i Telemark vil sjå dette når vi skal behandle budsjettet i fylkestinget i desember. Ein berbar PC kan ikkje erstatte ein lærar, eller eit breitt og godt desentralisert skuletilbod.

Lene Vågslid, Telemark Arbeiderparti.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar