mandag 23. november 2009

Upolitisk fylkesting?


Rett før fylkestingssamlinga i Telemark den 21. oktober i år, stod der ein etter mitt syn heilt merkverdig leiarartikkel i Vest-Telemark Blad. Emnet var at det skulle gjennomførast eit fylkesting som var omtrent fritt for politikk. Og eg undra meg: Har den som skreiv artikkelen ikkje sett sakslista, eller er der verkeleg så grunnleggande usemje om kva politikk er?

Fyrste døme: Sak 35/09 – Forvaltningsplan for Vannregion Vestviken for planperioden 2010 – 2015.
Ei sak som dreiar seg om for det meste Tokke- og Vinjevassdraget, om tiltak for å trygge reint og godt vatn, tilstrekkeleg vassføring for fisk og anna liv, med balansert omsyn til dei mange reguleringar som kraftutbygging osfr. har ført med seg. Ei sak med store miljømessige, praktiske og økonomiske konsekvensar og eit svært langsiktig perspektiv. Øydelegg vi ei vasskjelde eller eit vassdrag, er ikkje skader bøtt i morgo. Oppretting kan ta år.
Etter mitt syn er dette ei sak med stor politisk rekkevidd. Ja, korleis vi tar vare på vassressursane våre er ei sak av bokstaveleg tala globale og skjebnesvangre dimensjonar.
Det er mogeleg å hevde at dette er noko som grunneigarar og kraftverk kan taka seg av utan politisk innblanding, men å ha ei slik vinkling er i høgaste grad politisk, den også. Ei så grunnleggande liberalistisk haldning trudde eg ikkje Vesleblad står for.

Neste døme: Sak 36/09: Eventuell drift av multimediabuss for barn og unge i Telemark. Bokbuss har vore eit godt tilbod for bygder og grender, skular og lokalsamfunn, born og vaksne i Telemark i fleire tiår. No var bokbussen si tid omme, kan vi finne nye måtar å drive aktiv distribusjon av litteratur og kultur til heile Telemark?
Det er ubegripeleg at ikkje Vesleblad ser dette som ei politisk sak. Men det kan sjølvsagt hende at avisa ikkje ser det som viktig med kulturpolitikk og distriktspolitikk. Også DET er imedan eit politisk standpunkt.

Sak 37: Likestilling mellom kvinner og menn i Telemark fylkeskommune. Korleis skal fylkeskommunen oppføre seg som arbeidsgjevar for å sikre likestilling og hindre kjønnsmessig og anna distrkiminering blant våre tilsette, og bidra til å rekruttere fleire menn til ”kvinneyrka” og fleire kvinner til ”mannsyrka”? Og vi vil sikre likelønn.
Om ikkje dette er politikk, kva er det då?

Og eit siste døme, sak 41: Fylkeskommunalt eigarskap i Innovasjon Norge. Innovasjon Norge er eit heilt vesentleg, hittil heilstatleg eigd, verktøy for næringsutvikling, nyskaping, bedriftsetablering osfr., særleg viktig for distrikts-Noreg. Gjennom at fylkeskommunane går inn som del-eigarar er ambisjonen å få til eit meir effektivt og samstundes nærare verktøy som i endå større grad er i stand til å taka omsyn til dei spesielle utfordringane som til dømes næringslivet i distrikt-Telemark kjenner og møter. Om ikkje distriktsutvikling og næringspolitikk er politikk, då undrast eg også.

Det bør tilføyast at eit vesentleg innslag i programmet på fylkestinget var dei regionale forskningsfonda som skal etablerast, og der vi gjennom politisk styring bør kunne stimulere til forskning som i endå større grad bidreg til utviklinga i vårt fylke og vår del av landet. Det sist nemnte var av orienterande og drøftande karakter som ei førbebuing av det nye politiske nye ansvaret vi får i slike fond. Eg vel å tru leiarskrivaren ser det politiske i at politikarar skolerer seg og freistar å bli best mogeleg kvalifiserte for nytt ansvar. Alternativet er jo at byråkratiet eller marknaden styrer endå meir.
Den som interesserer seg for det politiske arbeidet i det folkevalde organet Telemark fylkesting, kan elles ved sjølvsyn fylgje møta på direkten, eller i opptak, via Internett. Gå berre inn på fylkeskommunen sine heimesider og klikk vidare. Det gjev grunnlag for kvar einskild til å gjera sine eigne, sjølvstendige og vel grunngjevne refleksjonar.

Jørund Ruud, gruppeleder Telemark AP

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar