søndag 23. august 2009

Det er stor forskjell på leik og alvor!

Her om dagen deltok eg i ein debatt om innvandring, asyl og integrering på Ibsenhuset. Det var gledeleg å sjå kor mange innvandrerar som hadde møtt opp! I tilegg var det andre politisk interesserte, som til dømes 4 frå FrP som sat på fremste benk og klappa så hardt dei kunne etter FrP representanten hadde hatt ordet. Den klappen trong han, i og med at det var svært få andre som klappa…

Det er stort forskjell på leik og alvor - som Hellbillies syng. Og for meg er det faktisk ein sammenligning på Arbeiderpartiets politikk og FrP sin til tider Donald Duck politikk som Raymond karakteriserte det på valkampopninga vår. For eg tvilar faktisk på om FrP i det heile tatt tar innvandring, asyl og integreringsspørsmålet på alvor, når eg høyrer deira politiske ståstader. Eg må seie eg generelt har vanskar med å stole på kva som faktisk er deira politikk, ettersom enkeltsaker dei vedtok i programmet sitt til stadigheit blir tilbakevist. Er det bare eit leike program, eller er det på alvor?

Eg hugsar veldig godt når me fekk to kurdiske jenter i klassa mi. Det var i 8.klasse, og eg syns det var veldig spennande! Integrering er ein todelt sak, dei lærer om Noreg og vårt språk ,og me lærer av dei! Det tok ikkje mange dagane før eg blei invitert med heim til ho eine. Eg takka ja, og såg fram til å treffe resten av familien hennar. Det besøket skulle gje meg ein heilt ny lærdom, det skulle lære meg at me har utruleg mykje å lære av andre kulturar. For det fyste blei eg tatt i mot omtrent som om eg hadde bursdag eller som om eg var ei superstjerne. Gjestfridomen var til å ta og føle på, og eg rakk omtrent ikkje å komme innafor døra før mat og drikke blei satt ut på bordet. Eg tenkte meg med sjølv at dette var da svært til velkomst! Eg spurte venninna mi i ettertid om dei plaga å stelle til så mykje mat, og vere samla heile familien kvar gong dei fekk besøk? - og ho svara at dei faktisk gjorde det. Det var viktig for dei å ta godt vare på dei som kom på besøk til dei, og det var like viktig å passe på at gjesten fekk både mat og drikke. Me åt og kosa oss, hørde på kurdisk musikk, og dei lærte meg nokre dansar. Det var eit innhaldsrik møte for 14 åring frå Dalen, og eit besøk som fortal meg at me har utruleg mykje å lære av andre.

Noreg er i dag eit fleirkulturelt samfunn. Me er i dag eit samfunn som har mange fleire ressursar å ta av, enn til dømes for 100 år sidan. Eg har fleire venner frå ulike land, og det berikar meg som person. Eg lærer så utruleg mykje, og gjennom eit fleirkulturelt samfunn så bidrar det til auke forståing for ulikhetar og kulturar. Dette er bra, dette er ei gode, og det gjer til at samfunnet vårt er eit mangfaldig samfunn.

Det som gjorde at eg blei politisk engasjert for fyrste gong var at eg opplevde rasisme på min egen skule. Eg opplevde å sjå ein ung gut i klassa over meg bli jaga ned over Dalen, og mobba fordi han var brun i huda. Det var faktisk også mitt fyrste utspil i avisa, som kan ligg på nettet den dag i dag. (http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/ostafjells/telemark/1.268737). Frå og med den dagen har kampen mot rasisme og diskriminering vore ei svært viktig sak for meg. Eg vil ha eit Noreg der me alle skal kunne vere ulike, men ha like moglegheiter! Eg vil ha eit samfunn som inneheld folk frå ulike land, ulike kulturar, med ulik legning og ulik religiøs bakgrunn. Det samfunnet syns eg me er på god veg mot å få. Arbeiderpartiet er eit anti-rasistisk parti, og eit parti som dei siste åra har gjort svært mykje for toleranse og likestilling i detta landet.

Min store skrekk er at me etter 14. september ska få ein statsminister som vil skape fleire fordommar og mindre toleranse i Noreg, som vil av-likestille landet gjennom å reversere ekteskapsloven, og ta til ordet for at me lever i eit Islamifisert land, og sørge for at Noreg ikkje lenger skal ta eit internasjonalt ansvar ovanfor mennesker på flukt men heller sende dei til Afrika.

Ein ting er at FrP i årevis har marknadsført sine meiningar, men dei har aldri hatt full innflytelse i norsk rikspolitikk. Det er forskjell på leik og alvor. Den dagen deira politikk skulle bli på alvor, vil eg vere genuint bekymra for velferdsstaten vår. Eg vil vere oppriktig lei meg på vegne av homofile som nå på god veg er likestilt med heterofile, eg ville vere oppriktig lei meg på vegne av våre nye landsmenn.

Eg håpar veljarane ikkje ønskjer eit slik samfunn. Eg håpar veljarane heller vil ha eit samfunn som er opptatt av å bekjempe fordommar, og eit politisk styre i detta landet som vil ha økt toleranse og likestilling for alle. Eg håpar at veljarane ønskjer at vår regjering skal få fortsette med det gode arbeide den har starta på, gjennom å gje Jens 4 nye år.

Lene Vågslid, stortingskandidat Telemark Ap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar