torsdag 6. august 2009

Kommunestruktur og velferdssamfunnet




Eit moderne samfunn har behov for ein effektiv og god kommunesektor. Kommunane er nemleg sjølve grunnpilaren i det norske velferdssamfunnet. Det gjeld også det regionale nivået mellom stat og kommune. Det er ei kjennegjerning at ein del oppgåver er for store for dei aller minste kommunane, men kommunestruktur handlar også om kva slags politikk me skal ha i forhold til distriktspolitikk, lokalt folkevald engasjement og ikkje minst i forhold til om me skal ha meir sentraliseringspolitikk.

Dagens kommunestruktur blei i stor grad fastsett med utgangspunkt i Skeikomiteens anbefalingar på 1960-talet. Samfunnet har sjølvsagt forandra seg på alle desse åra. Kommunikasjonane er forbetra og busetnaden har endra seg i meir urban retning.

Mange hevdar at bare kommunane hadde vore større, så kunne fleire oppgåver og avgjerder ha vore delegert ned til kommunane. Det blir også hevda at det er store administrative innsparingsgevinstar ved å slå saman kommunar. Det kan nok diskuterast. Arbeidarpartiet tar til orde for at kommunesamanslåingar bare kan gjennomførast på friviljug basis. Det betyr altså at innbyggjarane i kvar einskild kommune kan vege fordelar og ulemper i slike spørsmål.

I dag er det slik at dei minste kommunane blir kompensert for kostnader ved smådriftsulemper for at dei skal kunne tilby i all hovudsak dei same tenestene som dei store kommunane. Denne kompensasjonen vil mindre kommunar som slår seg saman behalde i ein 10 til 15 års periode. Dette er sjølvsagt noko som kanskje kan stimulere til samanslåing, men vil dette vere eit bindande løfte? Stortingsfleirtalet kan endre seg etter eit val og politiske økonomiske løfter er ikkje juridisk bindande fordi Stortinget kan når som helst endre dette.


Eg ønskje med dette innspelet å få i gang ein debatt om kommunestruktur, ikkje minst når ”Samhandlingsreformen” vil bli ein realitet i 2012. Eg meiner ikkje at det er feil å slå saman enkelte kommunar, men eg er veldig opptatt av å vite kva ein vil med slike prosessar. Spørsmålet er vanskeleg. Effektivitetsgevinsten må målast opp mot fordelingspolitikken, geografi, reiseavstand og utfordringar knytt til lokaldemokratiet.

1 kommentar:

  1. Her kommer det..

    Telemark Arbeiderparti vil altså tvinge kommuner sammen hvis de vinner valget?

    Hvor mange kommuner vil dere ha her i fylket?

    Senterpartiet er vel den eneste som er garantisten for at vi kan opprettholde et godt distriktsnorge med en eventuell frivillig sammenslåing.

    SvarSlett