søndag 9. august 2009

Skulen min, din og vår: Fellesskulen




Eit lite, tilfeldig utdrag frå Lene sin studiekalender våren 2009: "Rapport leverast innan Måndag kl 0900. Refleksjonsnotat leverast Tysdag kl 1000. Hugs å les det siste kapittelet i utviklingspsykologien, og øv til framføring av gruppearbeid. Hugs å måle ferdig bildet "min tur til Roma".".

Det er 5. året, og siste året for meg som student ved HIT no. Snart må ein sete seg ned å skrive jobbsøknad. Det er ikkje det at eg ikkje har jobba før. Eg har hatt sommarjobbar sidan eg var 13 år, både som stuepike, butikk tilsatt, bartender og dei siste 4 åra vore tilsett ved turistkontor i Telemark. Men snart skal eg legge inn ein søknad om jobb, på ein skule med bakgrunn i at eg er utdanna lærar.



Den norske skulen er stadig utset for kritikk og angrep frå oss politikarar. Me meiner mykje om skulen, og det skal me. Eg har dei siste 4 åra hatt gleda av å vore mykje i norsk skule, både i klasserom og utanfor, og kvardagen ein møter der er av og til ein heilt annan en den ein les om i avisene. Sjølvsagt er det fleire områder som må forbetrast, men hadde den norske skulen vore så ille som ein av og til får inntrykk av, hadde eg ikkje ville valt dette yrket. Det er eit mangfald ein møter i fellesskulen. På skulane eg har vore har eg møtt mange engasjerte og flotte lærarar og rektorar. Eg har møtt elevar som gledar seg til å gå på skulen, og dessverre også dei som gruar seg. Eg har møtt rolege elevar, og dei som gjev litt meir lyd frå seg enn det som er naudsynt. Ein ting som er heilt sikkert er at i den offentlege fellesskulen møter ein mange forskjellige både vaksne og barn. Som elles i samfunnet. Skulen er god for mange, men ikkje ennå god nok for alle. Det tar me innover oss.

Som snart ferdig lærar, utdanna innanfor praktiske og estetiske fag, ser eg at ein av hovudutfordringane i skulen er å gjere den mindre teoretisk. Nei då, ikkje slutte å lære, men å byrje å nytte teori på ein praktisk måte. Eg har møtt alt for mange elevar som så og sei dett mellom to stolar, fordi skulen er tilpassa dei teoristerke elevane best. Me må legge opp til ein skule som tek vare på alle elevane, både dei sterke og dei som treng ekstra hjelp.
Det programmet som vårt parti vedtok i vår er eit godt program. Det stadfestar blant anna at me skal gjere skulen meir praktisk retta, og ein skal fokusere på tidleg innsats i skulen. Dette varmar både eit politikar hjarte og eit lærar hjarte. Mykje bra er alt gjort i skulen dei 4 siste åra, og om vår regjering får fornya tillitt har eg store forhåpningar til den vidare utviklinga.
Noko av det eg hugsar aller best frå min eigen skulegang, var då me skulle lære om dei norske familiane som emigrerte til Amerika. Kvifor hugsar eg dette betre enn anna? Jau ,fordi me bruka rollespel som ein viktig del av undervisninga. Nå skal eg ikkje påstå at alle er samde i at det er det dei hugsar best, av dei som gjekk i mi klasse, men eg gjer det. Nokon andre hugsar kanskje sløydtimane best, eller timane der me jobba med geometriske figurar. Me var forskjellige, og me hadde gode lærarar som varierte undervisninga si. Og det er ikkje bare det at eg hugsar det fordi det var morosamt, men fordi at eg lærte så mykje. Leik og læring er ein herleg kombinasjon!
Mykje av inspirasjonen min til å velje læraryrket er henta frå mine tidlegare lærarar.
På landsmøtet vårt blei eg huka inn av ein Tv2 reporter som sa at dei skulle lage kandidat video av meg (http://www.tv2nyhetene.no/valg09/velgerguiden/fylke/telemark/ap/lene-vagslid/). Eg tenkte; "Kjære vene, du kunne sagt det litt før, eg har då ikkje forberedt meg!". Eg blei plassert framfor eit kamera, og fekk 2 min. til å fortelje om min hjertesak. Hjertesak! Det burde kanskje vore noko som handla om bistand, verdimessige likestillingsspørsmål eller liknande, men det fyrste eg kom på i farten var: "Min hjertesak er å auke lærartettheta i norsk skule". Eg tenkte for meg sjølv, at dette var kanskje veldig snevert til å gå under tittelen "hjertesak", men i ettertid er eg glad for at eg valte akkurat den saka, og at eg ikkje fekk så god tid til å forberede meg. Det er alt for mange elevar i dag som fell utanom, fordi det er for mange elevar i klassa, på alt for få lærarar. Dette ynskjer eg å gjere noko med!

I innlegget mitt i den politiske debatten på landsmøtet snakka eg om ein elev eg kalla Truls. (http://www.youtube.com/watch?v=ggFxFwHlsWc). Eg skal hugse på Truls i mitt politiske arbeid. Truls, Kari, Gunnar, Amina, Muhammed og alle andre elevar i skulen, når eg skal vere med mitt parti i å forme framtidas skulepolitikk. Eg trur ingenting på utdeling av medaljar, eller effektiviseringstankegangen som Ine Marie Eriksen frå Høgre delar med OECD (fleire elevar pr klasse). Eg har tru på ein styrking av fellesskulen gjennom framleis å sei nei til kommersielle privatskular, gjennom å sette inn innsatsen tidleg for dei elevane som treng det, gjennom å styrke lærartettheta, og gjennom å innføre ein både praktisk og estetisk heildagsskule, for alle og heile eleven.

Det er siste året mitt no, der eg skal levere eksamensoppgåver og skrive ut pensumlister til meg sjølv. Men eg skal ikkje bare gjere det, fram til 14. September skal eg stå på kvar einaste dag for at Noreg får ei regjering som tar skulen på alvor, og som har politikk som vil gagne både dei som går i norsk skule, og for dei som jobbar der. Uansett kva slag bakgrunn dei har, uansett hudfarge, legning eller trusretning. Eg vil oppfordre alle som er opptatt av ein skulepolitikk i rett retning, med fokus på fellesskap, kunnskap, dugleik og haldningar til å stemmer på den raudgrøne regjeringa i haust.

Eit lite utdrag frå Lene sin politiske kalender hausten 2009: "Del ut roser. Stå på stand. Delta i debatt. Gå på husbesøk. Ring avisa om sak. Skriv lesarbrev. Reis på bedriftsbesøk.. Skriv innlegg til bloggsida. Gjer alt eg kan kvar dag for at me skal vinne valet !!!".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar