fredag 21. august 2009

Valkamp og engasjement


Nå er det bare vel tre veker att til valdagen og engasjementet blir då viktig. Galluptala svingar opp og ned om media er fulle av valkampstoff. Sjølv om gallup er gallup, så skal me ta signala alvorleg. Går galluptalet ned, så er det ei spore til inspirasjon om å legge inn endå meir engasjement fram mot valdagen. Går galluptala opp, og legg seg på eit høgt nivå, så er det heller ingen grunn til å slappe av og vere tilfreds. Det er valet den 14.september som tel.


Det viktige nå er å mobilisere folk til å bruke sin demokratiske rett til å røyste. Folk må ikkje bli passivisert og oppgitt over politikken, fordi enkelte parti er meir oppteken av indre motsetnader og ryktespreiing. Mobiliser folk til val, få dei opp av sofakroken og fortel dei at deltaking er viktig i eit demokrati.


Det borgarlege rotet viser at det ikkje har ei felles politisk plattform for å regjere. Dei bør nå gjere det klart for veljarane at dette er tilfelle. Dersom ikkje, så må dei nå snart fortelje oss det i klar tekst. Arbeidarpartiet har ein plan; nemleg å fortsette med ei raudgrøn regjering. Då skal me vidareutvikle det gode arbeide som me har starta på. Slagordet vårt ”Alle skal med” tilseier at me ikkje er i mål. Me har gjort veldig mykje bra for folk, men enno er det enkelte som ikkje får ta del i den gode felles velferda. Nå må fokus rettast inn mot grupper som ikkje har det så bra – det vere seg fattige, dei som blir mobba, dei som blir utsett for overgrep, dei som ikkje får ta del i ein trygg alderdom og dei som på andre måtar fell ut av det norske velferdssamfunnet.


Arbeidarpartiet er samla og klar til innsats. Dersom me skal få til eit godt valresultat for Arbeidarpartiet i Telemark, må ”by og land gå saman hand i hand.” Dette slagordet vil aldri bli forelda. Det er viktig for meg å streke under at dei som skal representere Telemark, må vere representantar for heile Telemark. Nå er det opp til oss sjølve.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar